nov 20 2007

Ferietur med stor suksess

kl. 21.26

No har me nettopp komt i gong med kvardagen igjen etter 10 fantastiske dagar på tur! Me har fått mange gode opplevingar. Og det er så godt å ha Bjarte her! Me har funne fleire plassar me vil reisa tilbake til i lag, så det er bra.

Turen byrja i Pucón, som eg allerede har nemnt. Eg fekk dessverre ikkje tatt bilete av den flotte vulkanen, men den var heilt fantastisk! Dette er ein av plassane me har lyst å komma tilbake til, Bjarte har lyst å bestiga vulkanen, men eg trur eg nøyer meg med å få ta ein bilete av han…

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Så reiste me vidare til Puerto Montt for ei natt. Her traff me ei hyggeleg jente som hjalp oss å finna eit trygt hostel, og spanderte god middag på oss. Kjekt at folk er så hjelpsame!

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Dagen etter reiste vi til Chiloé, ei øy som er kjend for mystikk og store skilnader mellom flo og fjære. Her fekk me oss ein flott hostel, kor me traff et par andre europearar.

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Vidare gjekk turen over grensa til Bariloche, ein by som ligg ved ein innsjø i eit fantastisk fjellområde. Eg trur kanskje det er den flottaste plassen eg har sett i mitt liv, og håper me får sjansen til å koma tilbake hit i området ein gong.

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Til slutt var me nokre dagar i Buenos Aires. Me kom svært seint første kvelden, og måtte kjøra innom ein haug med hostel før me fann eit som hadde ledige senger på fellesrom. Heldigvis fann me oss ein flott hostel dagen etter, og då var alt fryd og gammen. Eg merka det var slitsomt å koma inn i storbyen, men me fekk oss nokre utflukter og kulturelle opplevingar, så det vart ei flott avslutning på turen.

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

nov 09 2007

Oppdatering frå dronningene i Chillán

kl. 08.17

Her kjem endeleg ei ny oppdatering frå livet i Chile, forstår det har vore etterlengta for nokre av dykk. I skrivande stund er eg, Maria og Bjarte (!) i Pucón, 6 timar sør for Chillán. I dag skal me på ein 2,5 timars lang ridetur ut i naturen. Byen ligg like ved ein stor flott vulkan, Villarica. Den er  ca 2800 m.o.h., og me er overbevist over at det kjem røyk ut frå den. Eit flott syn! Seinare i dag går turen vidare sørover til Puerto Montt, og derfrå til Chiloe-øya og seinare til Argentina.

Den siste veka har det skjedd mykje spennande. Forrige helg var me i Santiago, det var kjempeherleg! Godt å få besøk av Bjarte. Mandag og onsdag hadde me Norgeskveld for ungane i Villaen, med stor suksess. Dei storkoste seg med vafler, henteleiken, stolleiken, hode-skulder-kne-og-tå og utlodning av norsk melkesjokolade. Men innimellom måtte eg til med sintestemmen, jammen godt eg har det ihlske tempramentet med meg ned hit, det kan koma godt med.

Dersom nokon har lurt på kvifor eg kallar oss dronningene, er det fordi det er det me vært kalla av tilfeldige sleske menn som me passerer på gatene, “Reinas!” Er det ein ting eg aldri kjem til å venna meg til med dette landet, så er det å få så mykje oppmerksomhet av det motsatte kjønn. Dei ropar “hello”, lagar kysselydar og plystrar. Eg syns det er ganske så ubehageleg til tider. Men me har valgt å ta til oss dronningtittelen, og derfor var det flott å sova på ein skikkelig flott plass i Santiago, som var ei dronning verdig.

Etter me kjem tilbake frå 1,5 vekers reise no, så har me 4 veker att med praksis, og ei veke att med besøk av Bjarte. Men me har nettopp hatt midtevaluering med mykje positiv tilbakemelding, så me er klar for å ta fatt på siste del av praksis med nytt mot!

Her kjem nokre bilete av litt diverse frå den siste tida:

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

nov 01 2007

Bjarteblogg

kl. 09.48

I skrivande stund flyr Bjarte over Atlanteren. Om nokre timar reiser me til Santiago for å møta han, og for å ta oss ei velfortjent frihelg. Gler meg som ein unge til han kjem kl. 02.30 chilensk tid. Tenkte berre eg skulle tipsa dykk om bloggen hans. Kan hende er kan flinkare å oppdatere enn meg… Adressa er www.bjarteblogg.com, ta turen innom der også!


Nyare innlegg »« Eldre innlegg