Ferietur med stor suksess
tirsdag, november 20th, 2007No har me nettopp komt i gong med kvardagen igjen etter 10 fantastiske dagar på tur! Me har fått mange gode opplevingar. Og det er så godt å ha Bjarte her! Me har funne fleire plassar me vil reisa tilbake til i lag, så det er bra.
Turen byrja i Pucón, som eg allerede har nemnt. Eg fekk dessverre ikkje tatt bilete av den flotte vulkanen, men den var heilt fantastisk! Dette er ein av plassane me har lyst å komma tilbake til, Bjarte har lyst å bestiga vulkanen, men eg trur eg nøyer meg med å få ta ein bilete av han…
This is a WPSimpleViewerGallery
Så reiste me vidare til Puerto Montt for ei natt. Her traff me ei hyggeleg jente som hjalp oss å finna eit trygt hostel, og spanderte god middag på oss. Kjekt at folk er så hjelpsame!
This is a WPSimpleViewerGallery
Dagen etter reiste vi til Chiloé, ei øy som er kjend for mystikk og store skilnader mellom flo og fjære. Her fekk me oss ein flott hostel, kor me traff et par andre europearar.
This is a WPSimpleViewerGallery
Vidare gjekk turen over grensa til Bariloche, ein by som ligg ved ein innsjø i eit fantastisk fjellområde. Eg trur kanskje det er den flottaste plassen eg har sett i mitt liv, og håper me får sjansen til å koma tilbake hit i området ein gong.
This is a WPSimpleViewerGallery
Til slutt var me nokre dagar i Buenos Aires. Me kom svært seint første kvelden, og måtte kjøra innom ein haug med hostel før me fann eit som hadde ledige senger på fellesrom. Heldigvis fann me oss ein flott hostel dagen etter, og då var alt fryd og gammen. Eg merka det var slitsomt å koma inn i storbyen, men me fekk oss nokre utflukter og kulturelle opplevingar, så det vart ei flott avslutning på turen.
This is a WPSimpleViewerGallery