Archive for oktober, 2007

Begravelse og katolsk ungdomsfestival

søndag, oktober 28th, 2007

Dei siste dagane har vore svært spesielle. Giovanni er ein av dei me har blitt kjend med her nede, det har vore veldig kjekt. På torsdag kveld døydde bestemora hans, som me og hadde fått truffe eit par gonger. På fredagen var me med på likvake. Då var det mange folk samla i eit lite rom, og i enden av rommet stod kista open. Det var sterkt for oss å sjå, men samtidig var det rart fordi folk sat og skravla som om det skulle vore kva som helst. For meg som måtte kjempa me tårene sjølv, var det jo godt å høyra at det hadde vore meir grining tidligare på dagen. Me følte på ein måte at det var litt rart å væra der, men slektningane hans uttrykte takknemlighet mot oss.

I går var det begravelse. I Chile skjer ting litt raskare enn i Noreg, begravelsen var berre to dagar etter ho døydde. Det var litt uvant, følte nesten at dei pårørande ikkje fekk tid til å ta det innover seg. Først var det messe i den lokale kyrkja. Messa var nesten som ei vanleg messe, med nattverd, trus- og syndvedkjenning og kollekt. Det var litt rart. Etterpå køyrde me ut av byen, til ein stor gravplass. Den var ganske flott, så eg trur ikkje det var alle forunt å kvile på ein så flott plass. Giovanni sin bestefar var ein kjend chilensk poet, Edilberto Domarchi, så det var kanskje difor dei skulle værta gravlagd der. Det var rørande ved grava, spesielt å få oppleva nok slikt. Me er takknemlige begge to.

Seinare på kvelden var me med nokre frå Villaen på Festival San Pablo, ein katolsk ungdomsfestival. Eg hadde sett for meg noko som likna Impuls eller Gå i tro, festivalane i Noreg. Men dengang ei, dette var noko heilt anna. I døra vart me møtt av nonner, som tok i mot betaling. Inne var det som eit diskotek, med høg reggaton musikk (den hippaste musikken å dansa til her i Chile). Og folk dansa faktisk og… Etterkvart sette me oss ned, og så begynte sceneshowet. Forsamlinga var delt inn i tre grupper, kvit, blå og rød. Så skulle representantar frå kvar allianse konkurrera på scenen. I tillegg hadde kvar allianse eit kandidatpar til konge- og dronning-kåring. I tillegg var det to band som spilte, dei var flinke. Det einaste som kunne visa oss at det var eit kristent arrangement, var mottoet som be skulle ropa høgt mellom kvart innslag: “Sean mis imitadores, como yo lo soy de Cristo” (et Paulus-ord som me ennå ikkje har funne ut kvar er). Etterkvart tok det heilt av med dansing og ein mann kledt ut som Shakira og gamle damer som dansa som ungdommar. Det blei nesten litt i meste laget for meg, men me er glad me fekk det med oss. Festen varte til godt over 2 om natta, og det er vel det seinaste me har vore oppe her i Chile…

Slike kontrastar kan livet by på, og det på ein og same dag. Men me er takknemlige og tar i mot opplevelsane som me får ta del i…

Kjærleik og sånt…

lørdag, oktober 20th, 2007
This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Den store nyheten denne veka er at Bjarte har bestilt billett, og kjem ned for å besøka oss 1. november!!! Det blir stor stas. Han skal væra der 3 veker, og me har planer om å dra til Argentina, og kanskje ein tur sør i Chile. Det blir kjempegodt å få han ned hit, det hjelper godt på motet, som ellers ikkje er heilt på topp! Så me gler oss begge to, og tel dagar… 11 dagar igjen no!

Førebuing til aktiviteter

torsdag, oktober 11th, 2007

I går hadde me første aerobic-time for jenter som er 10 år og eldre. Det gjekk over all forventning, sjølv om ungane var ganske uregjerlige. Me fekk gjort bevegelsane våre, og mange hang med. Neste veke skal me starte opp med formingsgruppe for 7-10-åringar, det vert spennande. Begge deler har krevd ein del førebuing. Me har hoppa rundt og prøvd å finna takt og system i sangane. Me har malt på t-skjorter, første gongen gjekk det av i vask, men så prøvde me ei anna maling, og då hang det på! Me har og prøvd oss på trolldeig, og eg trur det blei vellykka! Gud er med oss i denne prosessen, og det merka me særleg i går på aerobicen. Me er svært takknemlige…

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery