Archive for september, 2007

Kvardag i Chillán

lørdag, september 29th, 2007

No har me vore her i to veker, og arbeida i ei veke. Det går svært opp og ned, ein dag er me fulle av mot, og neste dag er me heilt motlause. Men me trives i byen og i leiligheten, og folka her er utruleg koselege! På fredag skal me snakka om Norge og kulturforskjellar for engelskstudentar, så me vert kasta ut i det… Her kjem nokre bilete frå dei siste to vekene, som viser litt av korleis me har det her nede.

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Fyrste dag i praksis

mandag, september 24th, 2007

I dag hadde me fyrste dag i praksis på Villa Jesus Niño. Alt i alt var me einige om at det gjekk nokså bra, sjølv om det er utruleg vanskeleg. Me kjørte dit i Villaens eigen minibuss som kjører rundt og henter og bringer både born og vaksne. Allereie på bussholdeplassen fekk me prøvd oss på litt smalltalk på vår ringe spansk. Då me kom fram fekk me litt innføring i sakene,  arbeidet og systemet på Villaen, av ein av sosionomane. Han snakka nokså fort (det sa han sjølv også), men me forstod ein del likevel. Men det er svært krevande å måtte følgje 100% med heile tida, så me blei fort slitne. Etterkvart fekk me lesa litt i saksmappene, og me fekk også sjansen til å snakka litt med nokre av borna. Dei er utruleg herlige, og veldig kontaktsøkande. Så me får dekka dagens dose med klemmar i hvert fall… Det er jo også slik ein helsar her nede, anten det er for første eller n’te gong, med ein klem og ein kyss i lufta.

Seinare var me med ein psykolog på heimebesøk (!). Me tok buss ein godt stykke, og kom ut på landet, til eit nokså fattig strøk. Her skulle me besøka tre hus, men berre i eit av dei fann me folk. Dei pleier ikkje ringa på førehand slik som sosialarbeidarane som regel gjer i Norge, fordi dei vil ta klientane på senga, slik at dei ikkje får sjansen til å forbereda seg. Men då må ein også rekna med nokre bomturar…

Psykologen var svært trivelig og blid, og det var lett å snakke med henne, og prøve å stille spørsmål. Ho snakka seint og tydeleg til oss, slik at vi skulle forstå. Det var straks verre då ho snakka med klienten, men vi kan ikkje rekna med å forstå alt første dagen. Får berre håpa me klarar å forstå litt meir til me skal på heimebesøk åleine:)

Adressa mi

fredag, september 21st, 2007

No har eg endeleg fått tak i den rette adressa mi:

  • Maria Ihle
  • Calle Alcalde Arrau
  • Remodelacion Schleyer, Block C
  • Departamento 342
  • Población Pedro Lagos
  • Chillán
  • Chile