des 15 2007
Siste kvelden…
No er altså tida inne, i morgon ettermiddag går flyet vårt over Atlanteren. Bjarte, here I come! Det er heilt ufatteleg, trur det ikkje før eg får sjå det. Det har ikkje gått opp for meg at me skal få koma heim, og i alle fall ikkje gått opp for meg at me skal reisa her frå, og ikkje skal få sjå alle menneska igjen. Det er ein merkeleg følelse… Det er både vondt og lettande på same tid. Men eg takkar Gud fordi han sendte oss hit, det har vore ei oppleving for livet! Og kven veit, kanskje eg kjem tilbake hit ein gong…
mandag 17. desember kl. 05.43
Til lukke med gjenomføringa av praksisprosjektet. De har vore flinke og når nå rapporten er klar, kan de setja eit stort pluss på CV-en. De må ikkje gløyme å få attestar for denne delen av utdanninga. Den er gull verd! Lukke til med innspurten i Bergen begge to. Vi skal snart sjå deg igjen, Maria og det er vi glade for. m&m