des 08 2007

Juleverkstad

kl. 17.31

No har me gjennomført den siste store aktiviteten, juleverkstaden. Det kravde ein del førebuing, og me ville jo at det skulle vera lika kjekt som juleverkstad er i Noreg. Så me laga modellar heima, det var kjempekjekt! I tillegg prøvde me oss på noko som skulle vera pepperkaker, etter å ha funne ingefær, kardemomme og ein slags sirup i butikken. Kakene vart gode, men likna ikkje så mykje på pepperkaker. Men me tenkte ungane ville lika dei uansett, så me tok sjansen. Og det gjorde dei, kakene gjekk ned på høgkant. I tillegg til pepperkakene hadde me englar, filthjarter, julekort, og korger og lenker. Me hadde bedt tre mødre om hjelp, men dei kom aldri. Forutsigbarheten klarer me nok aldri å venna oss til. Men det gjekk bra likevel, me greide å holda alt under kontroll. Verkstadet var stor suksess, og ungane koste seg masse. Kjekt for oss å sjå. Kor mange ting dei fekk med seg heim, det veit me ikkje. Men dei hadde det i alle fall gøy, og me måtte holda på ein time lenger enn planlagt. Begge Mariaene kom heim fornøgde, med eit smil om munnen. No er det på tide å reisa heim…

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

3 Kommentarar til “Juleverkstad”

  1. Lars Otto Tveit seier:

    Hvis eg ikkje tar heilt feil så var det noko kjendt med dei julekorgene
    i alle fall. Mon tru du har lært flettekorg av han morfar? Det må vel
    seiast å vere tradisjonar som er haldne i hevd. Eg skal seie de er fulle
    av gode idear til juleverkstad. Og at de var i stand til å smila fornøgd
    etterpå vitnar om at de greide brasene med å gjenomføra. Flott gjort!!!
    Helsing frå to stolte besteforeldre.

  2. Maria seier:

    Ja det kan nok stemma det, korgfletting er noko eg alltid har likt sjølv. Takk for gode ord, me set stor pris på det! No er det berre ei veke igjen, det skal bli ein fest å koma heim til jul.

  3. Reidun Tveit seier:

    Kjære dokker!

    Så flinke de er til å stå på og gjennomføre opplegga dykkar på ein god måte. De kan vere stolte og nøgde! Nå gler me oss veldig til å få deg heim til jul…… God klem frå mor!

Skriv ein kommentar: