des 02 2007
Livet går vidare…
No er det 10 dagar sidan min kjære Bjarte reiste frå meg. Det var trist, men no er det berre 16 dagar til me skal forenas att! Så eg skal klara meg… Og livet her går faktisk vidare utan han. Den siste halvannan veka har me komt meir i gong med sjølvstendig saksarbeid på jobben, og det er spennande! Nesten kvar dag reiser me ut på landet for å besøka familiar som har svært få ressursar, det er vondt å sjå. Men på mandag fekk me søkt om stønad til mat for den eine familien, og på onsdag kunne me levera ein kasse med mat til dei. I tillegg har me vore ein tur til kysten, og nytt den flotte stranda. Og som eit resultat av det sit me no begge lyserosa og ømme. Men første sundag i advent feirar me likevel, med lilla lys, fyrste verset frå “Tenn lys”, god frukost, teksten om Maria og engelen, og sist men ikkje minst “It’s snowing on my piano” av Bugge Wesseltoft på høgtalaren… Me ventar på jula.
This is a WPSimpleViewerGallery
søndag 2. desember kl. 18.07
Så kjekt at de held tradisjonane ved like. Dei er vel ubetalelige å ha når
de er så langt frå heimen. Vi har også vore av stad hjå ein kollega i
Y`s MEN klubben i kveld og sunge adventsangar og fortalt kvarandre om
juleminne frå då vi var små gutar og jenter. Det er vår 1.advent-tradisjon.
Her i heimen har vi tennt vårt lys og den sjuarma lysestaken. I Betlehem-
stjerna var pæra gåen så den blir ikkje tennt før i morgon.
Takk for ein fin biletserie. m&m.
søndag 2. desember kl. 20.49
Høyres ut som ein flott tradisjon de har. Det var godt å ha den norske tradisjonen med seg her, så var me plutselig ikkje så langt vekke likevel. No er det berre to veker igjen, siste innspurten. På laurdag skal me ha juleverkstad, og ute er det heitaste somaren. Veldig merkeleg…
Klem Maria