nov 20 2007

Ferietur med stor suksess

kl. 21.26

No har me nettopp komt i gong med kvardagen igjen etter 10 fantastiske dagar på tur! Me har fått mange gode opplevingar. Og det er så godt å ha Bjarte her! Me har funne fleire plassar me vil reisa tilbake til i lag, så det er bra.

Turen byrja i Pucón, som eg allerede har nemnt. Eg fekk dessverre ikkje tatt bilete av den flotte vulkanen, men den var heilt fantastisk! Dette er ein av plassane me har lyst å komma tilbake til, Bjarte har lyst å bestiga vulkanen, men eg trur eg nøyer meg med å få ta ein bilete av han…

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Så reiste me vidare til Puerto Montt for ei natt. Her traff me ei hyggeleg jente som hjalp oss å finna eit trygt hostel, og spanderte god middag på oss. Kjekt at folk er så hjelpsame!

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Dagen etter reiste vi til Chiloé, ei øy som er kjend for mystikk og store skilnader mellom flo og fjære. Her fekk me oss ein flott hostel, kor me traff et par andre europearar.

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Vidare gjekk turen over grensa til Bariloche, ein by som ligg ved ein innsjø i eit fantastisk fjellområde. Eg trur kanskje det er den flottaste plassen eg har sett i mitt liv, og håper me får sjansen til å koma tilbake hit i området ein gong.

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

Til slutt var me nokre dagar i Buenos Aires. Me kom svært seint første kvelden, og måtte kjøra innom ein haug med hostel før me fann eit som hadde ledige senger på fellesrom. Heldigvis fann me oss ein flott hostel dagen etter, og då var alt fryd og gammen. Eg merka det var slitsomt å koma inn i storbyen, men me fekk oss nokre utflukter og kulturelle opplevingar, så det vart ei flott avslutning på turen.

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

3 Kommentarar til “Ferietur med stor suksess”

  1. Reidun Tveit seier:

    Kjære MBM!

    Så utroleg kjekt å få sjå bileta frå reisa dykkar! Det er så flott og morro med dei små kommentarane til. Ikkje vanskeleg å forstå de har hatt det fint. Eg er glad at alt har gått bra! Lukke til med innspurten dei siste vekene i Chillan!

    Klem frå Mor

  2. Lars Otto Tveit seier:

    Denne gongen var det ikkje m&m som var først med kommentar. Det kom seg av
    at vi har vore i Thailand. Så vi har prøvd mykje utanlandsk vi og. Det har
    vore ein flott tur og alt gjekk bra for alle 40 som var med. Fint å få sjå
    litt av det de har vore med på. Vi har tenkt på dykk heile tida. m&m.

  3. Maria seier:

    Så flott at de har hatt det fint på turen til Thailand! Eg har sakna dei hyppige innlegga på bloggen. Eg har prøvd å sendaq dykk ein e-mail, men veit ikkje om eg hadde rette adressa. tveitlo@online.no?

Skriv ein kommentar: