nov 09 2007

Oppdatering frå dronningene i Chillán

kl. 08.17

Her kjem endeleg ei ny oppdatering frå livet i Chile, forstår det har vore etterlengta for nokre av dykk. I skrivande stund er eg, Maria og Bjarte (!) i Pucón, 6 timar sør for Chillán. I dag skal me på ein 2,5 timars lang ridetur ut i naturen. Byen ligg like ved ein stor flott vulkan, Villarica. Den er  ca 2800 m.o.h., og me er overbevist over at det kjem røyk ut frå den. Eit flott syn! Seinare i dag går turen vidare sørover til Puerto Montt, og derfrå til Chiloe-øya og seinare til Argentina.

Den siste veka har det skjedd mykje spennande. Forrige helg var me i Santiago, det var kjempeherleg! Godt å få besøk av Bjarte. Mandag og onsdag hadde me Norgeskveld for ungane i Villaen, med stor suksess. Dei storkoste seg med vafler, henteleiken, stolleiken, hode-skulder-kne-og-tå og utlodning av norsk melkesjokolade. Men innimellom måtte eg til med sintestemmen, jammen godt eg har det ihlske tempramentet med meg ned hit, det kan koma godt med.

Dersom nokon har lurt på kvifor eg kallar oss dronningene, er det fordi det er det me vært kalla av tilfeldige sleske menn som me passerer på gatene, “Reinas!” Er det ein ting eg aldri kjem til å venna meg til med dette landet, så er det å få så mykje oppmerksomhet av det motsatte kjønn. Dei ropar “hello”, lagar kysselydar og plystrar. Eg syns det er ganske så ubehageleg til tider. Men me har valgt å ta til oss dronningtittelen, og derfor var det flott å sova på ein skikkelig flott plass i Santiago, som var ei dronning verdig.

Etter me kjem tilbake frå 1,5 vekers reise no, så har me 4 veker att med praksis, og ei veke att med besøk av Bjarte. Men me har nettopp hatt midtevaluering med mykje positiv tilbakemelding, så me er klar for å ta fatt på siste del av praksis med nytt mot!

Her kjem nokre bilete av litt diverse frå den siste tida:

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

3 Kommentarar til “Oppdatering frå dronningene i Chillán”

  1. Reidun Tveit seier:

    Kjære Maria og M og B!

    Nå var det godt å endeleg få sjå nokre fleire bilete. Kjekt å sjå at Bjarte såg opplagt ut. Flott at de tar til dykk dronning-tittelen! Den passer godt til dokker!
    Håper det går godt vidare på reisa sørover og til Argentina. Eg tenker på dokker! God klem! Mor

  2. Gunn seier:

    heisann maria

    kjekt å fylgja med på oppdateringane dine! ser ut so de har da bra=) gler meg te du kjeme heim igjen og e tebake i laudate… har da veldi kjekt der no og altso, og kan sjå ut so at der e nåken fleire so e lystne på å begynna itte jul. eg skal på mi siste lautade øving i kveld, før eg skal i praksis. skal vera i haugesund i to måna, og skal bu heima. gler meg veldi te da, men kjeme te å savna folk i bergen og. når e da du kjeme tebakers igjen forresten???

    snakkast. klem

  3. Maria seier:

    Hei Gunn! Så kjekt med nok ein kommentar, alltid kjekt å høyra frå dykk i Bergen! Kan tru eg savnar dykk, og Laudate:) Vert heilt underernært på synging her nede. Så eg er beinklar etter jul! Eg kjem tilbake 18 desember, mindre enn ein månad igjen nå…gler meg!!! Klem

Skriv ein kommentar: