okt 11 2007
Førebuing til aktiviteter
I går hadde me første aerobic-time for jenter som er 10 år og eldre. Det gjekk over all forventning, sjølv om ungane var ganske uregjerlige. Me fekk gjort bevegelsane våre, og mange hang med. Neste veke skal me starte opp med formingsgruppe for 7-10-åringar, det vert spennande. Begge deler har krevd ein del førebuing. Me har hoppa rundt og prøvd å finna takt og system i sangane. Me har malt på t-skjorter, første gongen gjekk det av i vask, men så prøvde me ei anna maling, og då hang det på! Me har og prøvd oss på trolldeig, og eg trur det blei vellykka! Gud er med oss i denne prosessen, og det merka me særleg i går på aerobicen. Me er svært takknemlige…
This is a WPSimpleViewerGallery
lørdag 13. oktober kl. 07.30
Flott å sjå at det er liv i dokker, og det er lett å sjå at de sprudlar
over. Ein kunne ynskja å vera i t-skjortene for dei var stilige. Flott at
de får ungane i sving med positive sysler. Lukke til med kursa. I morgon
skal vi til Jørpeland til middag og kaffe. Så feirar vi litt bursdag med
det same. m&m
lørdag 13. oktober kl. 07.38
Gratulerer med ny dansepartner!