okt 05 2007

Tur til Termas

kl. 19.50

Idag var me på tur til Termas de Chillan, med ca 20 ungar og et par fostermødre. Me fekk beskjed om at me skulle reisa kl 9, og då sat me jo sjølvsagt klar, pliktoppfyllande som me er, kl 8.55. Men framleis var det nesten heilt tomt på området, og me byrja å lure på om det var noko me ikkje hadde fått med oss. Etterkvart byrja mødre å komma bærande på svære gryter, så då skjøna me at det var tur likevel. Klokka vart likevel over 10.30 før me kjørte frå Villaen… Typisk chilensk trur eg, noko me berre må venna oss til. Etter halvannan time i buss kom me fram til der me skulle væra. Her var det litt snø, noko som var stor stas for ungane. Me trudde det var meininga at me skulle gå ein plass, men her skulle me væra i nærare 5 timar. Ungane sprang rundt på sjølvstyr, og stakk innom bussen når dei ville ha mat eller litt varme (for det var nokså kaldt her oppe). Mødrene sat i bussen stort sett heile tida, og klarte å pressa inn 3 måltid på dei få timane me var der, det er godt gjort! Med ein gong me kom fram fekk me varmt brød og kvart sitt egg, seinare fekk me kyllinglår og chilensk potetsalat, og på heimturen fekk me kalde pølser i brød. Det var alt i alt ein flott tur, og me fekk snakka med fleire av ungane. Dagens utfordring var å setja grenser i forhold til kameraet, det vert ikkje lett framover… Vel tilbake i Villaen var me begge kjempeslitne, og sette oss på første buss tilbake til leiligheten. No har me også ein dag til gode, sidan dette eigentleg var studiedagen vår…

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

3 Kommentarar til “Tur til Termas”

  1. Lars Otto Tveit seier:

    Takk for kjekk rapport fra livet i utlendighet. De kan gleda dokke over at
    det nok blir varmare og varmare der de er, medan det går den andre vegen
    her. Eg trur de gjer rett i å passa på sakene, fotoapp., det ville bli
    trist om vi ikkje fekk fleir bilete frå dykk. Er dei siste bileta dykkar
    litt mørke? Det ser ut slik her på min skjerm. Snakka med mor (Reidun) i
    dag. De har framleis strev med språket. Eg tenkjer på dykk kvar dag. m

  2. Sissel Minde seier:

    Hei Maria. Må berre få sei at eg syns du er så flink Maria! Og så at du tar deg tid til å dela så mykje av opplevingane dine med oss! Så flotte bilder og morsomme kommentarer. Kjenner at eg er i Chile med heile meg. Eg tenkjer på deg kvar dag, og håpar du har det godt. Saknar deg ved bordet vårt! Sissel.

  3. Maria seier:

    Tusen takk Sissel! Så kjekt å høyra frå deg her!:) Eg tenker mykje på dykk og, sat stor pris på dei vekene eg fekk væra på Treshaugen. Gler meg til å koma tilbake igjen om ei stund… Klem Maria

Skriv ein kommentar: