sept 24 2007
Fyrste dag i praksis
I dag hadde me fyrste dag i praksis på Villa Jesus Niño. Alt i alt var me einige om at det gjekk nokså bra, sjølv om det er utruleg vanskeleg. Me kjørte dit i Villaens eigen minibuss som kjører rundt og henter og bringer både born og vaksne. Allereie på bussholdeplassen fekk me prøvd oss på litt smalltalk på vår ringe spansk. Då me kom fram fekk me litt innføring i sakene, arbeidet og systemet på Villaen, av ein av sosionomane. Han snakka nokså fort (det sa han sjølv også), men me forstod ein del likevel. Men det er svært krevande å måtte følgje 100% med heile tida, så me blei fort slitne. Etterkvart fekk me lesa litt i saksmappene, og me fekk også sjansen til å snakka litt med nokre av borna. Dei er utruleg herlige, og veldig kontaktsøkande. Så me får dekka dagens dose med klemmar i hvert fall… Det er jo også slik ein helsar her nede, anten det er for første eller n’te gong, med ein klem og ein kyss i lufta.
Seinare var me med ein psykolog på heimebesøk (!). Me tok buss ein godt stykke, og kom ut på landet, til eit nokså fattig strøk. Her skulle me besøka tre hus, men berre i eit av dei fann me folk. Dei pleier ikkje ringa på førehand slik som sosialarbeidarane som regel gjer i Norge, fordi dei vil ta klientane på senga, slik at dei ikkje får sjansen til å forbereda seg. Men då må ein også rekna med nokre bomturar…
Psykologen var svært trivelig og blid, og det var lett å snakke med henne, og prøve å stille spørsmål. Ho snakka seint og tydeleg til oss, slik at vi skulle forstå. Det var straks verre då ho snakka med klienten, men vi kan ikkje rekna med å forstå alt første dagen. Får berre håpa me klarar å forstå litt meir til me skal på heimebesøk åleine:)
tirsdag 25. september kl. 08.40
Det kan ikkje seiast ofte nok kor kjekt det er å få brev frå den andre
kanten av jorda. Så nå er de igang. Eg synest de er meir enn modige som
har gått i vei med eit slikt prosjekt allereie i den alderen som de er.
Vi har store forventningar til fortsetjinga. Det høyres ut som de klarar
dykk bra også. De må bare seia frå når de ikkje skjønar språket. Eg vil
foreslå ar de gjer slik som ein ven av oss. Når han ikkje forstår, slår
han over på “stavanger språket” og då er det andre og som ikkje forstår.
Det hjelper kanskje? Mormor er reist til Molde for å hjelpa Kari L. i
fjorten dagar, så i dag er det bare helsing frå morfar.
tirsdag 25. september kl. 13.12
Dokker er modige og tøffe! Det er tøft å starte i ein ny jobb og mangedobbelt tøft å starte i ny jobb på eit framand språk. Dette gjer dokker og det er klart dokker kjenner det på kroppen. Lukke til vidare!