sept 19 2007

Endeleg i Chillan

kl. 16.22

No er me endeleg kome til Chillan, byen som me skal tilbringa dei neste 3 maanadane. Eg sit for augneblinket paa ein internettkafe i nabolaget og pratar med Bjarte, veldig kjekt! Saa fant eg ut at eg maatte skriva eit lite innlegg her i mens.

Paa soendag tok me buss fraa Santiago, og blei moett av Anita, som skal vera vegleiaren vaar her nede. Saa kom me oss endeleg til leiligheten. Den ligg i fjerde etasje i eit veldig rolig og greit stroek. Leiligheten er veldig bra, den har gasskomfyr, stort kjoeleskap, vaskemaskin, stuemoebler, TV, broedristar, kaffitraktar, vannkokar, badekar og tre gode soverom, det eine med veranda. Saa me er svaert noegde eigentleg. Me har kjoept eit par dukar, ein plante, broedristar og litt diverse for aa gjera det litt heimekoseleg. Det er endaa veldig kaldt fordi me har ikkje faatt gassovnen til aa fungera, men me har kjoept oss tepper, gode toefler og god kakao, saa me klarar oss:)

Anita er ogsaa veldig koseleg. I gaar feira me nasjonaldag her med grilling hos henne. Ho hadde besoek av systera som bur i Noreg, saa det var kjempekoseleg. Ho fortalde litt meir i forhold til praksis, saa no er me endaa meir spende, det blir nok svaert utfordrande. Me byrjar der paa mandag.

Reknar med aa faa internett i leiligheten innan kort tid, men i mellomtida fungerar det bra med internettkafeen paa hjoerna.

2 Kommentarar til “Endeleg i Chillan”

  1. Reidun Tveit seier:

    Hei! kjekt å endeleg få ein liten rapport frå Chillan. Leiligheita høyres svært så flott ut. Kjekt og at veilederen ser ut til å vere triveleg. Slikt betyr mykje. Lukke til på måndag! Mor

    Ps. Eg sende eit brev til deg idag. Eg er spent på kor lang tid det tar før det kjem fram. Ds

  2. Maria seier:

    Så kjekt med brev! Gledar meg. Fant ut at adressa kanskje ikkje var heilt riktig, men får håpa det kjem fram. Eg sende brev til Bjarte som kom fram etter ei god veke… Klem. PS. No har me internett på hybelen!

Skriv ein kommentar: