sept 13 2007

Solnedgong på San Cristóbal

kl. 08.31

I går kveld var me igjen oppe på det flotte fjellet og fekk med oss solnedgongen. Først måtte me ta “Fløybanen”, men den var mykje skumlare. Trasséet var brattare og lengre, og vogna var meir skranglete og uten vindauge. Så me var litt nervøse når me kjørte frå botnen av fjellet, men me kom oss både opp og ned igjen i god behold. Vel oppe kom me akkurat i tide til å sjå sola forsvinna bak fjella i horisonten. Her var ein god del andre folk, og god stemning, så me var glade me tok turen.

This SimpleViewer gallery requires Macromedia Flash. Please open this post in your browser or get Macromedia Flash here.
This is a WPSimpleViewerGallery

2 Kommentarar til “Solnedgong på San Cristóbal”

  1. Reidun Tveit seier:

    Hei og takk igjen for flotte bilete. Morsomt med dei to smilande Maria-fjesa som kjem med jevne mellomrom. Eg var litt bekymra for dykk igår, då eg høyrde det hadde vore opptøyer i Santiago natta før. Men de har kansje ikkje merka noko…? Prøvde å sende melding på mobil, men eg fekk aldri noko svar…. Klem mor!

  2. Maria seier:

    Ja, 11. september er ein uroleg dag her i Chile, fordi det er dagen for militærkuppet då Pinochet tok makta. Men me merka ingenting til det, heldigvis. Eg har sendt meldingar til deg og, men har aldri fått nokre av dine… Forstår ikkje heilt dette mobilgreiene her nede, for det fungerer berre av og til. Me skal prøva å finna ut av det. Du får skriva mail neste gong, eller ein melding her på sida, for det sjekkar eg fleire gonger om dagen. Klem Maria

Skriv ein kommentar: